Hopp til innhold

Kreative favoritter | Rask levering

1 år og ny butikk

 

No er det 1 år sidan eg starta Tittis Hjørne, og det nærmar seg 1 år sidan eg opna nettbutikken. Økonomisk har dette vore eit svært tøft år - og er det ennå. Det er vanskeleg å komme inn på eit marked kor det er etablerte aktørar, og mykje konkurranse. Eg driv Tittis Hjørne aleine, og er i full jobb ved sidan av dette lille eventyret. Eg opplever ofte att døgnet har foir lite timar, og har jamnlege tankar om at dette ikkje blir den suksessen eg tenkte den skulle bli.

Men dei går heldigvis over, og eg klarar fokusere på kor kjekt det er å skape sitt eget. Alle menneska eg treff gjennom kurs, messer og sosiale medier beriker livet mitt på ein måte eg ikkje heilt såg i forkant. Og det gledar meg stort. Det får meg til å gløyme kor kjedeleg det er å stå i denne fasen av oppstarten kor både tid og pengar er knapt.

Selvportrett - Om meg og min bedrift

Eg har valgt å endre nettbutikken min, fordi eg ikkje heilt fekk til den førre. For deg som besøkande er det ikkje berre utsjånaden som er endra, men og skriftspråket. Eg er nynorsk skrivande, og valde å ha nynorsk som skriftspråk i nettbutikken min. Eg har etter snart eitt års drift oppdaga at det har gjett meg ein stor bakdel - nemleg søkemotoren Google. Eg er ikkje like søkbar der med nynorsk. Dette er heilt essensielt når eg skal drive ein nettbutikk som i stor grad baserer seg på søkefunksjonane, og treff når potensielle kundar søker på nettet etter oppskrifter, hobbyutstyr etc. Derfor har eg valgt å endre skriftforma i butikken. Du vil oppleve at det heng att litt nynorsk her og der - dette skuldast tid og ein beslutning om at butikken ikkje treng vere 100 % før eg konverterar til ny plattform. Eg har plenty med tid etter kvart. No er eg i høgsesesong - og treng all tid til produksjon. Så eg ber om unnskuldning og om tålmod for ei inkonsekvent skriftform ei tid framover.

Sidan eg er svært glad i nynorsk, så fortset eg skrive på nynorsk i bloggen og på mine sosiale medier. I allefall pr i dag. Så må eg berre sjå om dette er noko eg må endre på etter kvart. Eg er heilt avhengig av at trafikken i nettbutikken blir høgre, at eg på nasjonalt plan og blir meir kjent - og føretrukket - som butikk og konsept. Lokalt går det bra, ikkje supert, men bra! Det held meg fortsatt så positiv at eg satsar eit år til.

Min draum er å skape eit kreativt og inkluderande hjørne i verden, kor ein kan dele idear og la kreativiteten utfalde seg fritt. Eg har eit ynskje om å vidarevikle Tittis Hjørne til eit hobbykonsept, kor du finn det du treng og ynskjer deg til alle hobbyane dine. Men det må få vekse seg til gradvis.Framover vil eg jobbe med kurskonseptet mitt, fordi det vil vere ein viktig del av inspirasjon - og inntektsbasen min.

Eg vil takke deg for følget 1. år - og håpar du fortset å følge meg framover. At eg kan få inspirere deg til nye idear, lære nye ting og gjere denne for tida forvirrande verda ein litt betre stad å vere. Og at du kan inspirere meg på same måte. Med det ynskjer eg deg velkommen til mine sosiale medier, kor eg ynskjer å ha dialog - ikkje berre monolog.Så vær så snill å gje tilbakemeldingar på godt og gale, smått og stort. Eg er i ein læreprosess, og ynskjer stadig å vidareutvikle meg. Berre slik kan eg vere den beste versjonen av meg sjølv.

Her finner du produkter med omtanke ❤︎ 

  • postnord.png
  • vipps-orange.png
  • klarna-dark.png